Fasilitetar
Ved havgapet på Byrknes veks ein ny destinasjon fram. Eit resort skapt for rolege opplevingar, gode måltid og nærleik til naturen – der moderne arkitektur møter den vestlandske kysten.
Hotellrom
Opphald med komfort & utsikt
Byrknes Ocean Resort tilbyr 77 rom og suitar utforma for ro, komfort og nærleik til havet. Interiøret byggjer på varme materialar, naturlege fargetonar og moderne detaljar som skapar ei avslappa og innbydande atmosfære. Gjennom store vindauge vert havet ein naturleg del av opplevinga, og gjestene får visuell kontakt med landskapet frå morgon til kveld.
Her handlar opphaldet om moderne komfort, nærleik til naturen og gjennomførte detaljar. Romma er skapte for å gje ro i kroppen, samstundes som gjestene kjenner nærværet av havet, vêret og lyset som skiftar utanfor vindauga.

77 doble hotellrom, inkludert
-
Ei flott suite i overkant av 60 kvm
-
7 juniorsuitar med store bad og badekar
-
59 superiorrom, alle med balkong
-
8 lekre, HC-tilpassa rom, fleire med connecting/dør mellom romma
-
2 familievennlege Deluxe-rom med sovesofa
Restaurant & bar
Smakar av kysten
Byrknes Ocean Resort utviklar eit matkonsept der havet, årstidene og lokale råvarer står i sentrum. Med tilgang til sjømat i verdsklasse og sterke tradisjonar frå fiskarbondesamfunnet på Byrknes, skal matopplevinga vere ei naturleg forlenging av landskapet utanfor vindauga.
Råvarer vert henta så nært kjelda som mogleg, direkte frå fiskarar, bønder og lokale produsentar. Menyane følgjer sesongane og tek utgangspunkt i det naturen og havet til kvar tid har å by på. Gjennom foredlingsteknikkar som fermentering, speking og sylting vert smakane tekne vare på og vidareutvikla gjennom året.
Målet er å skape ei matoppleving der kvaliteten på råvarene, rause porsjonar og presist handverk står i fokus. Kjøkenet skal vere elegant i uttrykket, men jordnært i tilnærminga – med respekt for råvara og den vestlandske matkulturen.

Store matopplevingar i samarbeid med stjernekokk
-
Michelin kokk Christopher Haatuft
-
Sjømat i verdsklasse
-
Ei reise i baskisk matfilosofi med fisk og skaldyr i sentrum, og teknikkar som eld og grill
-
Enkel, ærleg og elegant presentasjon av maten
-
Lokale leverandørar
Spa & velvære
Ved havet
Byrknes Ocean Resort skal vere ein stad for ro, restitusjon og nærvær. Spa- og velværeavdelinga er utvikla som ei naturleg forlenging av opplevinga ved havet, der utsikt, stillheit og naturkrefter er ein del av atmosfæren.
Her kan gjestene trekkje seg tilbake frå kvardagen og finne balansen mellom aktivitet og kvile i omgjevnader prega av varme materialar, naturlege fargar og nærleik til sjøen.
Her kan gjestene trekkje seg tilbake frå kvardagen og finne balansen mellom aktivitet og kvile i omgjevnader prega av varme materialar, naturlege fargar og nærleik til sjøen.
Velværeavdeling & spa
-
Lett tilgang til sjøbad i havet
-
Badstove med utsikt mot holmar og hav
-
Dampbad
-
Oppvarma badebasseng i eit behageleg velværemiljø
-
2 behandlingsrom
-
Tilbod om eigenbehandling
-
Treningsrom
-
Badekåper, tøflar og store handkle
-
Velværesenger ved bassenget for ro og restitusjon
Kurs & konferanse
Med havet som bakteppe
Kurs, konferansar & selskap
-
Moderne kurslokale med topp AV-utstyr
-
200 kvm konferanserom som kan delast i to rom
-
200 personar i kinooppsett
-
130 personar i skuleoppsett
-
120 personar i selskapsoppsett med runde bord
-
2 møte- og grupperom
-
Varme lokale som kan nyttast til ulike selskap og bankettar
-
Spanande kurs- og overnattingspakkar med aktivitetar
Opplevingar
Ved havet
Byrknes Ocean Resort ligg midt i eit av dei mest særprega kystlandskapa på Vestlandet. Med over 1 000 øyar, holmar og skjer i nærområdet og innseglinga til Sognefjorden like i nærleiken, ligg alt til rette for aktive og minneverdige opplevingar året rundt.
Her er havet, naturen og vêret ein naturleg del av opphaldet. Nokre kjem for å oppleve kysten frå sjøsida, andre for å utforske landskapet til fots eller berre nyte stillheita og utsikta.
Her er havet, naturen og vêret ein naturleg del av opphaldet. Nokre kjem for å oppleve kysten frå sjøsida, andre for å utforske landskapet til fots eller berre nyte stillheita og utsikta.
Eit hav av aktivitetar & historie
-
Over 1000 holmar og skjer
-
Kajakkpadling for nybyrjarar og vidarekomne
-
Dykking
-
SUP
-
RIB-turar
-
Båtturar ved inngangen til Sognefjorden
-
Havfiske med lokale fiskarar
-
Fuglekikking – sjå havørn
-
Stormwatching og wild sheep safari
-
Gåturar i lokalmiljøet eller på fjellet
-
Gulatinget, Tusenårsstaden
-
Veteranbåtturar i nærleiken
-
Meir å oppleve året rundt