Byrknes ocean rsort

Ei ny oppleving
ved havet

Ved havgapet på Byrknes veks ein ny destinasjon fram. Eit resort skapt for rolege opplevingar, gode måltid og nærleik til naturen – der moderne arkitektur møter den vestlandske kysten.

Byrknes Ocean Resort er under utvikling. Dette er ei mellombels landingsside for prosjektet. Den fullstendige nettsida blir lansert på eit seinare tidspunkt.

Opnar september 2027

Om Byrknes Ocean Resort

Byrknes Ocean Resort er eit nytt hotell- og opplevingsresort under bygging på Byrknes i Gulen kommune. Med havet som næraste nabo skal vi skape ein unik destinasjon for overnatting, matopplevingar og spa.

Kom deg til Byrknes

Byrknesøy, nord for Bergen

Eit uoppdaga Eldorado

Til sjøs

  • Frå nord, hurtigbåt fra Selje og Flom/Sogndal to gonger dagleg

  • Frå sør, hurtigbåt frå Bergen to gonger dagleg

  • Ein nydeleg båttur på 1,5 time innaskjers, verd turen i seg sjølv

  • Om ynskjeleg set vi opp eigen båt frå Flesland eller Bergen

Til lands

  • Om lag 2 timar med bil frå Bergen

  • Ca. 80 km nord for Bergen

  • Ein fin ferjetur mellom Leirvåg og Sløvåg

  • Om lag 2.5 timar med bil frå Førde

  • Ca. 140 km sør for Førde

  • Ein fin ferjetur mellom Lavik og Oppedal

Byrknes Ocean Resort

Komfort, Utsikt & God mat

Opphald med komfort og utsikt

  • Ei flott suite i overkant av 60 kvm

  • 7 juniorsuitar med store bad og badekar

  • 59 superiorrom, alle med balkong

  • 8 lekre, HC-tilpassa rom, fleire med connecting/dør mellom romma

  • 2 familievennlege Deluxe-rom med sovesofa

  • Les meir

Restaurant & bar - smakar av kysten

  • Michelin kokk Christopher Haatuft

  • Sjømat i verdsklasse

  • Ei reise i baskisk matfilosofi med fisk og skaldyr i sentrum, og teknikkar som eld og grill

  • Enkel, ærleg og elegant presentasjon av maten

  • Lokale leverandørar

  • Les meir

Byrknes ocean resort

Forma av havet

Byrknes Ocean Resort er meir enn eit hotell. Det er skapt for menneske som søkjer ro, kvalitet og ekte opplevingar langs kysten. Med 77 rom, restaurant, spa, konferansefasilitetar og havet som næraste nabo blir resorten eit naturleg utgangspunkt for både rekreasjon og opplevingar året rundt.

Porten til skjergarden

Byrknesøy, nord for Bergen Eit uoppdaga eldorado

Over tusen øyar, holmar og skjer dannar rammene rundt Byrknes. Her finn du rolege farvatn, storslått natur og eit kystlandskap som inviterer til opplevingar året rundt.

Sjå framdrifta

Følg utviklinga av Byrknes Ocean Resort gjennom byggeprosessen. Her deler vi nyheiter, milepålar og glimt frå reisa fram mot opninga i 2027.