Endeleg tett tak – ein ny milepåle for Byrknes Ocean Resort!

Kranselag 11. november 2026

Onsdag 11. november vart ein ny og viktig milepåle markert i bygginga av Byrknes Ocean Resort. Taket er endeleg tett, og det nye hotellet ved havgapet tek stadig meir form!
Eigar Stein Inge Larsen inviterte i dag til tradisjonelt kranselag på byggjeplassen for å heidre alle dei dyktige fagfolka som kvar dag bidreg til å realisere hotelldraumen på Byrknesøy.
Vêrgudane spelte på lag, og inne i hotellet var det duka for ei triveleg markering. Tilsette hos hovudentreprenør Backe og underleverandørane kunne nyte både tradisjonell marsipankake, nygrilla hamburgarar og nytrekt kaffi.
Backe kunne stadfeste at byggjearbeidet går etter planen, og at prosjektet ligg godt an med tanke på planlagd overlevering i september 2027.

Med tett tak og stadig tydelegare konturar av det som skal bli ein heilt unik destinasjon ved havet, er vi endå eit viktig steg nærare opninga av Byrknes Ocean Resort.

Vi takkar alle involverte for den flotte innsatsen så langt og gler oss til fortsetjinga!